Fergeruta Sølsnes - Åfarnes 1931 - 1962

Dette er eit innlegg om fergeforbindelsen Sølsnes - Åfarnes i åra 1931 - 1962 mens ruta vart operert av det private selskapet Romsdals Fergeselskap A/S.  Det finnes ein del bilder og informasjon om fergeforbindelsen i forskjellige media, nettsider, bøker, digitalt museum o.l.  Har no prøvd å samle mest mulig informasjon og bilder i dette innlegget slik at det skal vere lettare tilgjengeleg for den som er interessert i denne type lokalhistorie. Her er også tatt med litt informasjon om Gulltransporten i 1940 som gjekk over Åfarnes - Sølsnes.


SØLSNES - ÅFARNES  1931 - 1962


Våren 1931 vart selskapet Moldefergen AS oppretta med formål å drive fergerute mellom Sølsnes og Åfarnes. Bak opprettelsen av selskapet stod Molde og Romsdals Handelsstandsforening etter initiativ frå blant Vegvesenet, Gideon Motorfabrikk i Molde samt grosserar Th Bull i Oslo sammen med forretningsfolk i Molde.
Hovedgrunnen til å opprette fergeruta var at i 1931 vart den viktige vegen om Osen rundt Fannefjorden ferdig slik at ein kunne køyre bil frå Molde til Nesjestranda og Sølsnes. Etter at fergeruta Sølsnes - Åfarnes kom i drift vart Molde således knytta til riksvegsnettet.
Moldefergen AS fekk bygd ei ferge hos Johan R. Aas Båtbyggeri på Vestnes i 1931. Ferga var 47 fot (14.3 m) lang og 16 fot (4.9 m) brei og hadde ein to-sylindra motor på 34 Hk frå Gideon Motorfabrikk. "Moldefergen" vart satt inn i trafikk over Langfjorden sommeren 1931. Første prøvetur var 15. Mai 1931.
Sigfred Sølsnes (1897-1941) vart samtidig ansatt som første fergefører på "Moldefergen".  Denne ferga kunne ta 3-4 biler og første året var det ingen faste rutetider. Det første året vart det frakta 450 biler over Langfjorden. Trafikken auka deretter jamt for kvart år.  Sigfred førte ferga heilt til han døde i 1941 berre 44 år gammel. Sønnen Kåre Sølsnes (1918-2003) hadde vore med faren som dekksgut frå starten i 1931, han var då berre 13 år gammel. Han utdanna seg som fergeskipper og førte "Moldefergen i krigsåra 1940-42 og var styrmann i MFR frå 1942-45.  Hausten 1945 tok Kåre Sølsnes over M/F "Moldefergen" og sammen med Arne Bergset (1910-1995) tok han ansvar for fergedrifta i det nye fergeselskapet som vart skipa med namnet Romsdals Fergeselskap AS. Dette selskapet kjøpte også ferga "Grønsund" i Danmark og frå 10.08.46 hadde selskapet ferger i rute både over Langfjorden og Fannefjorden.

Fergeselskapet bygde fergekai på Laberget rett sør for Veøy Kyrkje på Sølsnes. Naustvegen vart tatt i bruk som tilkomstveg til fergeleiet. Denne vegen var svært bratt og krevjande.

På bilde 4 nedenfor av fergeleiet i Laberget kan vi også sjå løa og huset til Ørger Sølsnes. Småbruket Laberget gnr 123-5 vart skilt ut frå hovedgarden Sølsnes gnr 123-4 av Ørger P Sølsnes (1831-1904) og han sette opp hus og løe der før 1875.  I dag kan ein fortsatt sjå murane etter husa i Laberget. Dyrkamarka held no på å vekse igjen av skog.
I 1947 vart det bygd ny fergekai med tilkomstveg frå kyrkja litt lenger øst. Den nye Sølsnes fergekai vart bygd i armert betong. Dette er etter fleire ombygginger fortsatt dagens fergekai.


GULLTRANSPORTEN I 1940

Gulltransporten i April 1940 gjekk frå Åndalsnes til Molde på lastebiler. Langfjorden vart kryssa med ferge Åfarnes - Sølsnes natta mellom 25 og 26 april 1940.
2 ferger vart rekvirert av fylkesmann Trygve Utheim for transport om natta den 25.04.1940. Kolonna med lastebiler hadde allerede komme til Åfarnes og stod kamuflert der i påvente av nattemørket. Overfarten starta omkring kl 23:30 og den siste bilen rulla i land på Sølsnes omkring 6 timer seinare. Fergene hadde vanlegvis plass til berre 2 lastebiler, men dei klarte å stue ombord 4 biler om gongen. Om morgonen påfølgende dag (27/4) ankom transporten Molde etter ein vanskeleg tur rundt Fannefjorden. Vegen rundt Fannefjorden var i svært dårleg forfatning på grunn av snøsmelting, teleløsning og tung militær trafikk. Totalt 25 lastebiler starta frå Horgheim / Åndalsnes. 4 biler brøt sammen underveis, 2 lastebiler kom til underveis. Kassene med gull vart lasta over frå dei 4 bilane og fordelt på dei andre. Det var stor innsats blant lokalbefolkninga for å hjelpe lastebilane rundt Fannefjorden.

Det finnes lite informasjon om dei fergene som deltok under Gulltransporten. I boka "Gulltransporten" av Asbjørn Øksendal er det kun fortalt at 2 ferger vart rekvirert gjennom fylkesmann Trygve Utheim. Det står også at ei av to ferger var blitt bomba dagen før !  Dette er ikkje bekrefta av andre kilder.

I "Bygdabok for Nesjestranda" står det i kapittelet om  Arne Bergset (side 863). Arne Bergset frå Nesjestranda var skipper på ferga "Vaage-Norvik" og budde på Vågstranda på den tida. "Vaage-Norvik" vart rekvirert til å gå til Åfarnes, så det var den eine av fergene som var med på å frakte gullet over Langfjorden.
I boka "Gulltransporten" av Per Arnt Harnes får vi fasiten. Han har snakka med John Eik Sølsnes (1924-2010), sønn av skipper på "Moldefergen" og bror til Kåre Sølsnes. Fakta er at det var dei 2 private fergene "Moldefergen"  med skipper Sigfred Sølsnes og "Vaage-Norvik" med skipper Arne Bergset som besørga transporten over fjorden denne natta. Maskinist på "Vaage-Norvik" var Sverre Bjering (1908-1988) frå Vågstranda som var gift med Agnes Flovikholm frå Nesjestranda. John Sølsnes hadde tatt vare på papirene til Romsdals Fergeselskap og i boka er det vist bilde av ei køyreliste for "Moldefergen" for 25 - 26. april. John hadde fortalt at det kom ein ordonnans med beskjed om ein større transport frå Åfarnes om kvelden 25. april. Ferga fekk beskjed om å møte på Åfarnes kl 23:30.
Kan også nevne at fleire lokale personar vart innkalla som "vakter" til fergekaia på Laberget. Det var blant anna Torvald Malo, Ole K. Malo og min bestefar Knut Reitan. Desse karane var "ubevæpna vakter" og visste vel heller ikkje heilt kva slags transport som kom over fjorden før i ettertid. Mannskapet på fergene fekk heller ikkje vite kva som vart transportert. Det skulle visstnok vere ammunisjon. Men kassene var merka med NB, så mange hadde nok sine egne tanker om innholdet.



MRF tok over fergedrifta i ruta Sølsnes - Åfarnes frå 1. Januar 1962.  Dei fergene som har vore mest brukt i ruta er :
1931-1945 : "Moldefergen",  A/S Moldefergen, Molde.
1945-1950 : "Moldefergen", Romsdals Fergeselskap.
1950-1961 : "Veøy"  (I), Romsdals Fergeselskap (Innleid frå Statens Vegvesen).
1962-1963 : "Veøy"  (I),  MRF  (Innleid frå Statens Vegvesen).
1964 :           "Raana",  MRF,
1965 :            "Hjørundfjord",  MRF,
1965-1969 :  "Vista", MRF
1969-1973 :  "Grip",  MRF,
1974-1983 :  "Nørvøy",  MRF,
1983-1988 ;  "Ørsta",  MRF,
1988-1993 :  "Solskjel" (II),  MRF,
1993-2000 :  "Stordal" (II),  MRF,
2000-2002 :  "Glutra",  MRF,
2003-2008 :  "Eira",  MRF,
2008 --> :     "Julsund",  MRF.

I tillegg til desse fergene har det vore mange andre ferger som har gått i sambandet i kortare perioder i forbindelse med verkstedopphold.  Både ""Grønsund" og "Lahela I" har gått i ruta for Romsdals Fergeselskap. I dei seinaste åra har det vore sett inn 2 ferger i sommerhalvåret.
Det ser no ut til at det frå 2017 vil bli eit permanent tilbud med 2 ferger og 20-minutters avganger.

I dette innlegget har eg tatt med bilder frå perioden 1931 - 1962 inntil MRF tok over ruta.
Dei 2 fergene som gjekk fast i ruta denne perioden var "Moldefergen" og "Veøy".
Fergebilder frå Sølsnes etter 1962 skal bli lagt til i eit nytt innlegg.

Historikk om fergene er henta frå nettsiden Fjordfaehren.de.

"MOLDEFERGEN"

"MOLDEFERGEN",  bygd 1931 ved Johan Aas Båtbyggeri, Vestnes. 47 fot /  14.3 m lang. Bygd i tre.
1931 - 1945 : "Moldefergen",  A/S Moldefergen, Molde,   Rute : Sølsnes - Åfarnes.
1945 - 1950 : "Moldefergen",  Romsdals Fergeselskap AS, (Kåre Sølsnes / Arne Bergset),
Rute : Sølsnes - Åfarnes, frå 1947 reserveferge.
1950 - 1956 :  "Moldefergen",  Statens Vegvesen, Møre og Romsdal,  Diverse utleie.
ca 1954 - 1956 : "Moldefergen",  Herøy Ferjelag A/L (Charter). Rute : Eggesbønes - Stokksund - (Røyra).  Solgt i 1956 til privat person i Fosnavåg. Sank i Fosnavåg på slutten av 50-tallet. (etter 1956).

"Moldefergen" ved fergekaia på Laberget

Dette bildet viser "Moldefergen" under bygging hos Johan Aas Båtbyggeri på Vestnes. "Moldefergen" ligg på slippen til venstre. Ferga vart levert i Mai 1931, så dette bildet må vere tatt om våren 1931 sidan ferga er nesten ferdigbygd. 

Ein lastebil køyrer i land frå "Moldefergen" på Laberget, Sølsnes, 1934/35.

Fergekaia på Sølsnes / Laberget 1934-35.  På kaia står Sigfred Sølsnes. I robåten er hans sønn Kåre Sølsnes. I bakgrunnen ser vi løa og huset til Ørger Sølsnes på Laberget.


"Moldefergen" ved fergekaia på Laberget, 1935.

"Moldefergen" ved fergekaia på Laberget, 1935.


Frå "Moldefergen", 1935. Vi ser Åfarnes i bakgrunnen. T-2282 er ein 1929-modell Nash, 8-seters drosje, Eier var Aarø Auto. Sjøføren foran er Arthur Ødegård frå Malmefjorden.


"Moldefergen" ved Veøya. Ukjent årstall.


Sjå teksta over. Bildet er tatt ved fergekaia på Laberget.

Dette er det einaste bildet eg har sett av ein fergebillett frå Romsdals Fergeselskap. Bildet er skanna frå Bussbygg's 50-årsjubileumshefte. 


Gammelt kommunekart for Romsdal. Legg merke til Veøy Kommune som besto av 5 deler atskilt med fjorder. Nesjestranda, Åfarnes med Mittet og Holmemstranda, Rødven, Vågstranda og Sekken. Veøya ligg som vi ser svært sentralt i kommunen. Veøy Kommune vart delt mellom Molde og Rauma ved kommunesammenslåing i 1964.

MFR Rutekart frå 1931, det året fergeruta Sølsnes - Åfarnes starta. Vi ser dei 2 private fergerutene Våge - Norvik og Sølsnes - Åfarnes. Også interessant å sjå dampskipsruta frå Molde til Langfjorden med blant anna stopp på Hovdenakken, Nesjestranda (Havnevik) og Årset.
Skann frå boka "Om samferdsel i Møre og Romsdal", Del I

I 1934 vart det laga ei "Turistbrosjyre" i samarbeid mellom 3 av dei private fergeselskapa i fylket : Våge-Norvik Bilferge,  Moldefergen og Eidsøra - Fjøseid Bilferge. Bildet er skanna frå ein artikkel i Romsdal Sogelag Årsskrift 2000.


Dette flyfotoet viser beliggenheten til det gamle fergeleiet på Laberget. Sølsnes. 

Flyfoto av Sølsnes frå 1947. Her ser vi godt begge fergekaiene på Sølsnes. Den nye er allerede tatt i bruk. Kan sjå ei ferge ved kaia.  Bildet er henta frå kart.1881.no (Historiske flyfoto).



Her er nokre interessante bilder frå Åfarnes som er tatt frå "Moldefergen" i 1936. Som vi ser ligg fergeleiet på ein annan plass enn dagens fergeleie. Det første fergeleiet vart bygd der dampskipskaia var. Statens Vegvesen bygde ny fergekai i 1942 der dagens fergekai ligg i Klungervika.
Interessant å sjå kor lite bebyggelse det var på Åfarnes den gongen. Åfarnes var kommunesenter i Veøy Kommune fram til 1964.


Åfarnes med fergekaia, 1936. Foto : G. Sverdrup, 1936.

Åfarnes med fergekaia, 1936. 

Åfarnes sett frå "Moldefergen",  1936.
Flyfoto av Åfarnes frå 1971. Vi kan her sjå vegen ned til den første fergekaia i venstre del av fotoet.  Bildet er henta frå kart.1881.no (Historisk flyfoto). Sidan dette er år 1971 er det mest sannsynleg "Grip" som ligg ved fergekaia.




"VEØY" 

Bilferga "VEØY" (I) vart bygd i 1942 på Bolsønes Verft i Molde. Den vart påbegynt i 1939 etter bestilling frå Statens Vegvesen, Møre og Romsdal, men på grunn av krigen vart den ikkje ferdigstillt før i 1942. Verftet saboterte ferdigstilling sidan dei rekna med at tyskarane ville rekvirere ho til sine formål. Okkupasjonsmakta forlangte at ho vart bygd ferdig og ho vart levert i mai 1942. Skipsregisterkortet viser offisiell levering 10.06.42. Tekniske data : 92 brt som bygd.   Etter ombygging og forlenging i 1959 : 111.4 brt, 31.49 m lang, 6.98 m brei. Plass til 150 passasjerer og 16 - 18 biler.

1942 - 1950 : "VEØY", Eier : Statens Vegvesen, Møre og Romsdal.  MRF (Charter).
1942 - 1945 : Rekvirert av okkupasjonsmakta under krigen. Gjekk i mange transportoppdrag for tyskarane i området mellom Stad og Hustadvika.  I 1944 sette tyskarane eige mannskap ombord i "Veøy".
1950 - 1962 : "VEØY", Eier : Statens Vegvesen, Møre og Romsdal.  Romsdals Fergeselskap (Charter). I rute Sølsnes - Åfarnes.
1953 :  Tur til Frederikshavn i Danmark for skifte av motor.
1959 :  Ombygd og forlenga.
1962 - 1966 : "VEØY", Eier : Statens Vegvesen, Møre og Romsdal,  MRF (Charter). I rute Sølsnes - Åfarnes til ut 1963.
1965 :  Kjøpt av MRF pr 1.1.1965. Eierskifte registrert 25.02.66.
1966 - 1974 : "VEØY",  MRF, Molde.
1974 - 1978 : "DRYNA",  MRF, Molde (Nytt navn 24.04.74 etter levering av nye "Veøy" i 1974).
1978 - 1980 : "LADY ZITA",  Eier : Knut Haugen, Kolbotn. Nytt navn registrert 26.01.78.
1980 - 1984 : "LADY ZITA", Eier : Anleggstrafikk. (Knut Haugen).
1984 :              Senka i Voldsfjorden.

Her er nokre bilder av "Veøy"  (I).

"Veøy" transporterer krigsmateriell under 2. verdenskrig,  Molde 1942 - 1945.

"Veøy" i Ålesund.
"Veøy" på veg til Åfarnes, 

"Veøy" gjekk i 1953 til Danmark for å skifte motor. Dette bildet er tatt i Kattegat utanfor Frederikshavn.

Sjøbussen "Haram" og B/F "Veøy" på ekstratur til Veøya i forbindelse med 800-årsjubileet for Veøy kyrkje den 02.08.53.


Dette er også "Veøy" på Veøya, Mest sannsynleg er også dette bildet frå 1953. "Veøy" gjekk i ruta Sølsnes - Åfarnes frå 1950 til 1963. 
Her er "Veøy" i Geiranger. Bildet må vere frå perioden 1969 - 1974 sidan cruiseskipet "Queen Elizabeth 2" vart levert 02.05.1969 og "Veøy" skifta navn til "Dryna" i 1974. "Veøy" gjekk i diverse ruter på Storfjorden frå 1969-1974.



Skipsregisterkortet til "Veøy" som viser endringer i navn og eierforhold.




"LAHELA"


"Lahela" på veg til kai på Sølsnes. Dette bildet er tatt i 1959. "Lahela" var eid av Statens Vegvesen  frå 1954-1965 og utleid til MRF frå 1957. Ferga har fortsatt lys skrogfarge frå ho var i tjeneste for Langesund-Helgeroa Ferjen.  Både "Lahela" og "Veøy" var bygd på Bolsønes Verft i Molde og var derfor ganske like. Mest sannsynleg var "Lahela" i 1959 innleid mens "Veøy" var på verksted for ombygging og forlenging.
"Lahela" på Sølsnes i 1959.  Samme bildeserie som forrige foto.
Skipsregisterkort for ein del eldre skip har blitt tilgjengeleg på internett. Bilferga "Lahela" er ofte blitt kalla "Lahela I", men som Skipsregisterkortet viser har det ikkje vore noko offisielt navneskifte. Eg har derfor valgt å endre navnet her på bloggen til "Lahela".

Skipsregisterkort, side 1 for ferga "Lahela".

Skipsregisterkort, side 2 for ferga "Lahela".



Etterord :  All informasjon i dette innlegget er basert på tilgjengelege kilder. Tar forbehold om eventuelle feil. Innlegget vil bli oppdatert så snart ny informasjon eller korrigeringer foreligger.
Ber om at dei som har opplysninger og eventulet korreksjoner til opplysningene tar kontakt med meg.

Kilder :

"Om samferdsel i Møre og Romsdal,  Del I : Som skyttel i vev",    Ragnar Ulstein m.fl.
"Om samferdsel i Møre og Romsdal,  Del II : Samfunn og ferdsel",  Arne Inge Torvik m.fl.
Bygdebok for Nesjestranda,   Arnold Solemdal. (1995).
Nettsiden : Fjordfaehren.de,  Wilhelm Langes.
"Gulltransporten",  Asbjørn Øksendal  (1974).
"Gulltransporten - dramaet dag for dag"",  Per Arnt Harnes  (2006).
Diverse muntlige kilder.

Bildene er henta frå diverse internettsider eller avfotografert./ skanna. Nokre er kjøpt  frå Romsdalsmuseet gjennom Digitalt Museum.

2 kommentarer:

  1. Hei! Jeg jobber i NRK med en dokumentarserie som heter det "Det umulige landet". Vi skal i en av episodene fortelle om "Gulltransporten" i april 1940. Oppdaget dermed dine bilder av fergeruten Åfarnes-Sølsnes over Langfjorden. Hadde satt stor pris på om du kan kontakte oss. Vi er interessert i flere av bildene i best mulig oppløsning. Skriv til ole.egil.storkson@nrk.no. :-)

    SvarSlett
  2. Hei, jeg jobber med en dokumentarserie om gulltransporten i 1940 og jeg er interessert i flere av bildene på siden her, jeg også :) Kunne du ha kontaktet meg på elisabeth@hamster.no ?

    SvarSlett